Green Book

Film · 2018 · · 12. oktober 2019
4/5

Viggo Mortensen køyrer Mahershala Ali rundt i sørstatane i Green Book. Dei to spelar heilt ulike karakterar, som etter kvart lærer litt av kvarandre, sjølv om det er vanskeleg å sei om dei blir venner.

I tillegg set filmen lys på omstendene i sørstatane, og skiljet mellom kven som tillot mørkhuda og lyshuda personar. Hotell og restaurantar som ikkje tillot mørkhuda, og ei generelt dårleg holdning som mange hadde til mørkhuda er sentrale tema.

Karakteren til Viggo Mortensen og samspelet mellom han og Mahershala Ali gjer at filmen framstår som like humoristisk som dramatisk. Green Book er ein film som er meint å nå ut. Han er som forventa på mange områder, og utfallet er som forventa. At han vann tre Oscar-statuettar er heller ikkje overraskande.

Trass i at mykje er som forventa, så likte eg filmen. Han byr på lun humor og er ikkje for dryg på stemmebruken for å skildre situasjonen. Det er opp til oss som ser filmen å gjere mange av vurderingane, sjølv om nokre føringar blir lagt. Moglegheita til sjølv å kunne gjere slike vurderingar er med på å løfte filmen frå passiv til aktiv sjåing, og er med på å trekke opplevinga opp.

Green Book stikk seg nok ikkje ut som det beste eg har sett, men er ein solid film som eg trur mange vil ha glede av. Sjølv hadde eg det.

Green Book 2018 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Viggo MortensenMahershala AliLinda CardelliniVis alle

Sjangrar

Land

USAKina