Green Lantern: Emerald Knights

Den andre Green Lantern-filmen i DC Universe Animated Original Movies-serien, om du ser bort frå Justice League-installasjonane, er historiene om dei grønkledde kollegaene til green lantern Hal.

Hal er ein av fleire green lantern-ar, og han me har følgt tidlegare i filmserien: Justice League: The New Frontier, Green Lantern: First Flight og Justice League: Crisis on Two Earths. I Green Lantern: Emerald Knights blir me fortalt bakhistoria til andre grønne ringberarar, mellom anna Kilowog, Abin Sur og Mogo. Historiene bygg opp til ein kamp på slutten, der me får sjå alle delta i lag.

Sånn sett er Green Lantern: Emerald Knights som ei samling kortfilmar sydd i hop med ei større historie. Bakhistoriene er passe spennande og fungerer godt når du veit at dei bygg opp før hovudhistoria. Men i det store og heile er ikkje hovudhistoria spesielt spennande, og er heller ikkje gitt mykje skjermtid før på slutten.

Me blir fortalt om ei vanskeleg utfordring i Arisia Rrab si bakhistorie og får humoren i Mogo si, og med dei andre folka i tillegg blir dette akkurat passe variert til å holde fram til slutten. Som vanleg må me òg tåle store doser eksplosjonar, flammar og røyk.

Green Lantern: Emerald Knights ligg på eit forventa nivå med litt gøy, spenning og fint tempo. Men han når ikkje opp til dei beste i filmserien eller forgjengaren Green Lantern: First Flight.

Green Lantern: Emerald Knights 2011 plakat - Filmdagbok