Green Lantern: First Flight

Film · 2009 · · 23. september 2009
4/5

Green Lantern: First Flight er den ferskaste filmen frå DC si animasjonssatsing på video. For dei grøne er altså Green Lantern ein mann som får ansvaret for ein ring. Ringen gir han superkrefter, og gjer han også til ei vakt i vår del av universet.

Filmen er ein fin introduksjon til superhelten og ei god blanding humor og action. Ein superskurk er på plass, og det er ei glede å sjå at animasjonsfilmen tar litt av etter kvart, og som dei andre DC Universe Animated Original Movies-filmane er han både supertøff i tradisjonell forstand, samtidig som han gjer noko meir vakse ut av seg.

IMDb-logo
Green Lantern: First Flight 2009 plakat - Filmdagbok