Gremlins

Film · 1984 · · 8. desember 2011
4/5

Grøssarkomedien Gremlins frå 1984 blei ein stor suksess. Filmen fekk sin oppfølgjar i 1990, og har inspirert til filmar som Critters, Ghoulies, Troll, Hobgoblins, Beasties, Kamillions, Spookies, og Munchies.

På ei forretningsreise til New York besøker Randall Peltzer Chinatown. Han jakter på julepresang til sonen sin og endar opp med ein mogwai, ein søt liten bamseliknande skapning. Instruksane frå seljaren er:

  1. Ingen sterke lys
  2. Ikkje i kontakt med vann
  3. Aldri mat etter midnatt

Gremlins skyr verken vald, forstyrra sinn eller alkohol og tobakk. Summen er ein fornøyeleg svart komedie. Og filmen passar minst like godt til vaksne som modige barn. Instruksane dannar grunnlaget for ei tradisjonell og gjennomført oppbygging. I den forstand at sjåaren blir lønna seinare for å følge med. Fram mot klimakset bruker Gremlins tida på å bygge miljø, gjere oss kjente med karakterane og sette oss i julestemning.

Gremlins har humor, ei god stemning og eit høgt tempo. Filmen er rik på detaljar, men samtidig er han ukomplisert. Ei slik samansetning gjer at eg har større sannsyn for å sjå han igjen. Dommen er positiv. Eg hadde låge forventingar til Gremlins. Då det viste seg å vere ein både artig og litt mørk film, vart eg positivt overraska. Og eg enda opp med å like filmen passe godt.

Det er nok litt av sjarmen, men eg tykkte mogwai-modellane var svært enkle. Men det som går bort av realisme blir henta inn på filmuttrykket.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Gremlins 1984 plakat - Filmdagbok