Greta

Film · 2009 · · 22. juni 2016
3/5

Ei 17 år gammal jente blir sendt av si mor til å bu hjå besteforeldra. Ho er ei utagerande jente, men me lærer fort at også hennar mor ikkje kan vere den beste mora.

Å bu hjå besteforeldra blir ei utfordring for både dei og for jenta. Noko vil gå gale, men i det lange løp vil det sjølvsagt bli betre. For dette er ein sånn type film.

Hilary Duff spelar hovudrolla, og gjer ein heilt grei figur i det som er ein heilt grei film. Han har sine opp- og nedturar, noko av dramaet sit godt, anna bommar litt. Eg likar at filmen har lysare tider i møte. Dette gir filmen mål og meining, og grunn nok til å sjå.

For Greta er ein film som støttar seg ein del på historie og utfallet, då mykje anna er akkurat innanfor. Hadde det tatt ei mørk vending og blitt ein tung film, veit eg at dette fort ville ha blitt trasig. Men heldigvis blir det ikkje det.

Greta er ikkje akkurat filmen eg vil anbefale vidare. Til det er den for anonym på alle måtar. Men han er grei om du likevel vil sjå han.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Greta 2009 plakat - Filmdagbok