Groundhog Day

Film · 1993 · · 23. mars 2007
4/5

Den sjølvgode værmannen Phil (Bill Murray) må for fjerde år på rad reise til dritbyen Punxsutawney. Den lokale festiviteten som Phil skal dekke er groundhog day, ei feiring der eit svært ekorn skal fortelja om vinteren er over.

Dagen går og Phil kjem seg ikkje heim utpå kvelden. Ein uventa snøstorm tvingar han til å overnatte ei ekstra natt. Neste morgon viser det seg at den nye dagen er gårsdagen som gjentek seg. Slik held det fram. Eit mareritt for Phil som hatar Punxsutawney.

Etter kvar gjer han seg nytte av det han opplever denne dagen, for at dei neste dagane skal gå lettare.

Før eg visste at dette handla om deja vu – eg hadde ikkje lese om filmen på førehand – så var eg skeptisk. Eg blei gledeleg overraska når filmen tok ei surrealistisk vending, før eg blei skeptisk igjen. Korleis skulle resten av filmen klare å bygge på Phil si gjentakande oppleving av ein dag? Phil viste seg etter kvart å vere ein fleksibel karakter, og historia serverte nye vendingar stadig vekk.

Det er variasjonen og dei små detaljane som gjer det lett å like. Og at filmen ikkje blir for opphengt i romantikken mellom Phil og Rita (Andie MacDowell).

Solid film altså, med god komikk.

Groundhog Day 1993 plakat - Filmdagbok