Growing Up and Other Lies

Film · 2014 · · 22. mai 2015
2/5

Ein vennegjeng i New York møtes ein siste gang før Jake flyttar frå byen. Han har fått nok av å slite seg gjennom kvardagen som kunstnar, og traktar tilbake til heimstaden i Ohio.

Målet for dette siste møte er å gå Manhattan på langs, ein tur dei gjorde mange år i forvegen. Growing Up and Other Lies handlar om denne turen, samtalane dei gjer og møta dei har. Det er på sin plass at det skjer både mimring og at usagte saker kjem til overflata.

Konseptuelt er dette tøft og inspirerande. I tida etter eg såg filmen har eg tenkt mykje på å gjere det same, å gå Manhattan på langs. Utover dette er ikkje filmen det heilt store. Han har ikkje evna til å komme godt nok under huda på karakterane sine, og eg bryr meg lite om det dei snakkar om, eller kva som vil skje med dei.

Sånn sett er det vanskeleg å sei om Growing Up and Other Lies er verdt tida. Som inspirasjon er han det, men som underhaldning er han ikkje.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Growing Up and Other Lies 2014 plakat - Filmdagbok