Grown Ups

Før eg legg ut om misnøya eg opparbeidde for Grown Ups etter kvart som han utfolda seg, viser eg til kinoplakaten. Ein film der definisjonen på gøy er fem vaksne menn i ei vannsklie, set ikkje høge mål for seg sjølv.

No var det aldri kinoplakaten, men filmtraileren som gjorde meg oppmerksam på Grown Ups. Eg burde uansett visst betre, då ein filmtrailer er eit medium eg ikkje har sett mi lit til på mange år. Likevel blei eg forført, og deretter valdteken. Men kinoplakaten er ei passande skildring av innhaldet.

Forsøka til filmen på humor bommar gang etter gang, og sender Grown Ups av garde til den allereie overfylte bossplassen med dårlege komediar.

At dette skal er ein familiekomedie vernar på ingen måtar dei vala som har blitt tekne. For med ei rekke av erfarne Hollywood-stjerner i hovudrollene er dette ein film som er like mykje meint å appellere til foreldre som til barn.

Det er i grunn liten vits i å dvele meir ved filmen. Han har eit par morosame scener, men er elles godt under middels.

Grown Ups 2010 plakat - Filmdagbok

Publisert

26. august 2010 av

Regissør

Dennis Dugan

Manusforfattarar

Adam Sandler (I), Fred Wolf (II)

Skodespelarar

Adam Sandler (I), Kevin James (III), Chris Rock (I), David Spade, Rob Schneider (I), Salma Hayek, Maria Bello, Maya Rudolph, Joyce Van Patten, Ebony Jo-AnnVis alle 142 skodespelarar

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Grown Ups