Grumpier Old Men

Film · 1995 · · 12. desember 2006
3/5

Den tidlegare agnbutikken til Chuck frå Grumpy Old Men er kjøpt opp av nokon italienarar og skal bli gjort om til restaurant, noko våre venner Max og John set lite pris på. Men når det har seg at ei kvinne i sin beste alder er delvis eigar blir ikkje situasjonen lettare. Meir enn lite begeistring for forandring blir problemet.

Likskapane med den første filmen, Grumpy Old Men, er mange, og er grovt sett berre den same ideen i ny drakt. Vinter har blitt til sommar. Lykka til John i dameverda er blitt til Max si lykke i dameverda. Nokon andre småting høyrer med, som ei jakt på ein legendarisk storfisk. Det blir i og for seg ei fin filmoppleving, men når ikkje heilt opp til den første filmen. Dette har mest med å gjere at det er Grumpy Old Men eg først og fremst hugsar frå tidlegare og hadde eit forhold til.

Ikkje nødvendigvis meir gretne, men framleis dei same gamle gubbane som i den første filmen. Dette er ein film som går an om du er klar for ei uhøgtideleg stund med eit par tullingar med fiskestong. Best er nok likevel den første filmen.

Grumpier Old Men 1995 plakat - Filmdagbok