Guardians of the Galaxy

Eg hadde forventingar til Guardians of the Galaxy som ein meir enn vanleg god Marvel-film. Det skal seiast at eg sjeldan har vore altfor begeistra over Marvel-filmane dei siste årene, men har synst dei stort sett leverer greit, og ikkje meir.

For min del føyer Guardians of the Galaxy seg inn i denne rekka. Det er litt humor, ein del action, mykje dataanimasjon og mange karakterar som verken skil seg ut eller er spesielt minneverdige. Likevel er det nok til at eg kjem meg gjennom filmen utan å kjede meg nemneverdig, noko som er meir enn dei andre filmane til Marvel. Med unntak av få titlar.

Men i ettertid merkar eg at heile historia er gløymt fort. Guardians of the Galaxy handlar om ein slags stein som mange traktar etter, og det er omtrent alt eg får ut av hukommelsen. Er du generelt fan av The Avengers og liknande filmar, så reknar eg med at dette er filmen for deg. Men for min del kunne eg ha klart meg utan, utan at det hindra meg i å sjå denne filmen heller.

Guardians of the Galaxy 2014 plakat - Filmdagbok

Publisert

6. juli 2015 av

Merkelapp

Marvel

Regissør

James Gunn (II)

Manusforfattarar

James Gunn (II), Nicole Perlman, Dan Abnett, Andy Lanning, Bill Mantlo, Keith Giffen, Jim Starlin, Steve Englehart, Steve Gan, Steve Gerber, Val Mayerik

Skodespelarar

Chris Pratt (I), Zoe Saldana, Dave Bautista, Vin Diesel, Bradley Cooper (I), Lee Pace, Michael Rooker (I), Karen Gillan, Djimon Hounsou, John C. Reilly (I)Vis alle 130 skodespelarar

Sjangrar

Action, Eventyr, Komedie, Science fiction

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Guardians of the Galaxy