Gwoemul

Film · 2006 · · 9. januar 2007
3/5

Den andre koreanske filmen på to dagar er Gwoemul, ein grøssarkomedie med innslag av drama. Det er ein fin underhaldningsfilm som går greit ned. Han er kanskje litt for lang med sine to timar, men det går greit.

Eit mutert vesen, som ein amerikansk militærbase har skulda for, dukkar opp i Han River. Det er elva som renn gjennom hovudstaden Seoul. Spekulasjonar på om at dei som har vore i kontakt med monsteret blir smitta av eit virus fører til at familien Park blir ettersøkt. Men dei har ikkje råd til å bli sett i karantene når dottera til den minst smarte av dei tre vaksne Park-søskena blir teken av monsteret.

Gwoemul er ganske morosam på sitt beste. Han taper litt inntrykk på eit monster som innimellom er tydeleg dataanimert, og på ei historie som ikkje er av dei mest inspirerande. Men det kjem nok mest an på kva du forventar av filmen. Eg synst det heile drog ut, og gjespa nok ein gong for mykje.

Gwoemul 2006 plakat - Filmdagbok