Habitación en Roma

Film · 2010 · · 19. august 2012
2/5

Habitación en Roma er ein erotisk film med mykje hud og lite historie. Filmen heiter Room in Rome på engelsk.

To kvinner møtes tilfeldig i Roma, flyttar seg til eit rom, og lærer kvarande å kjenne intimt.

Det av historie og framdrift som er, er ikkje noko å skryte av. Det er kjedeleg og meiningslaust, men så er det mest ei unnskyldning for å vise mjukporno.

Kvinnene er pene, og det er stort sett alt. Eg anar at desse kunne ha gjort ein betre jobb med karakterane sine, om filmskaparen la til rette for det. Men utover det er det ikkje til å legge skjul på at filmen har ei einaste oppgåve, nemleg å tirre.

IMDb-logo
Habitación en Roma 2010 plakat - Filmdagbok