Hable con ella

Film · 2002 · · 11. mai 2016
3/5

Hable con ella, eller Talk to Her, er ingen dårleg film, men etter å ha sett den tykte eg det var noko rart. Kanskje fordi ein av dei sentrale karakterane Benigno ser litt rar ut. Kanskje fordi protagonisten Marco ser ut til å ha ein dårleg dag kvar dag, ser furten ut og gret altfor lett.

Kanskje var det dei kvinnelege karakterane? Lydia som er Marcos kjenning og hamnar i koma, er ikkje ein særleg sympatisk person, så det er lite å hente der. Alicia som er den vakre, var stort sett i koma og kunne forutan å vise puppene sine berre vise andre evner som skodespelar i nokon få minuttar.

Temaet om valdtekt av ein pasient i koma var tona ned, men handtert på ein seriøs måte, som gjorde det verken usmakeleg eller bagatelliserande. Dette var ein god, om enn ubehageleg del av filmen.

Elles tykte eg filmen i heilskap drar ein del ut. Det er lett å vere involvert i overkant av ein time. Når filmen rundar ein og ein halv time og eg har tjue minuttar igjen, så byrjar eg å slite.

Filmen prøver nok å vere emosjonell, men stikk ikkje djupt nok der for min del. Det blir litt som om det berre blir skrapa i overflata, og alt det spesielle blir framstilt som normalt.

IMDb-logo
Hable con ella 2002 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Javier Cámara (I)Darío GrandinettiLeonor WatlingVis alle

Sjangrar

Land