Hachi: A Dog's Tale

Film · 2009 · · 25. mai 2014
4/5

Hachi: A Dog's Tale handlar om ein mann og en hund, eller ein hund og ein mann. Alt ettersom.

Ein mann finn ein hund på ein togstasjon og tar han med heim, inntil han kan finne eigaren. Han og familien endar opp med å behalda hunden til slutt. Ettersom det er snakk om rasen akita er det ein lynande intelligent og lojal hund, og mannen og hunden knyter tette band.

Filmen handlar stort sett om dette, og det på ein nydeleg måte. Etter kvar blir me introdusert for enkelte nye vendingar, utan at eg skal gå innpå det spesifikke. Desse er til fordel for filmen, ein film som då allereie har markert seg som ein film som gir skikkeleg god kjensle.

Dette er blant dei ypparste filmane til Lasse Hallström hittil, og ei klar anbefaling om du har sansen for gode drama eller hundar.

Hachi: A Dog's Tale 2009 plakat - Filmdagbok