Hagetid

Serie · 2017 · · 20. september 2020
4/5

TV 2-programmet Hagetid handlar om ei gruppe som drar rundt til folk og fiksar hagen deira. Programleiar er illustratøren Gunvor Rasmussen. Ho har hjelp frå byggmeister Julian Simon og gartner Steven Stiberg Long.

Serien har ein total på ein sesong som består av seks episodar. I kvar episode er det ein ny hage som først blir planlagt, før me følgjer arbeidet vidare til slutt. Det kjem ikkje tydeleg fram i sendinga, men dette er folk som har meldt seg på og som sjølv er med på å betale for arbeidet.

Hagetid liknar på Tid for hage, og kom berre eit par år før. Konseptet er det same, og to av arbeidarane er dei same. Eg har ikkje funne noko direkte samanheng i produksjonane utover dette.

Likte du Tid for hage, så kan du sikkert setje pris på Hagetid også. Det er mange fine hagar som blir jobba med og vist. Tempoet er litt annleis, men det er tips, triks og inspirasjon i store mengder her også.

IMDb-logo
TV Time-logo
Hagetid 2017 plakat - Filmdagbok