Half in the Bag

Serie
2011–2019
4/5

Half in the Bag er ein serie laga for internett som kan bli karakterisert som ei blanding av filmmeldingar og ein situasjonskomedie frå 1980-talet. Først og fremst det første. Mens det andre er for å ramme inn og sette oss i rett stemning, samtidig gjere dette til noko meir enn din standard videoblogg.

Eg har følgt med på Half in the Bag sidan 2012, og er det du kan kalle ei trufast følger. Kvar gong ein nye episode kjem ut, kastar eg meg over han. I større og større grad, etter kvart som eg har mista interessa for sjølv å sjå mange av dei store nye filmane som dei snakkar om.

Faktisk sit eg gjerne å ser Mike Stoklasa, Jay Bauman og i blant Rich Evans snakke om ein film i tre kvarter enn å sjå filmen dei snakkar om som varer det dobbelte. No er som oftast filmmeldingane kortare, men dette var for å fram eit poeng.

Eg er ikkje nødvendigvis einig i alt det desse seier, og filmsmaken og ideologien min er nok annleis enn til desse. Det handlar då like mykje om å vite kva ein kritikar sitt forhold til ulike filmar er, så meiningane hans gir meg eit frampeik til kva mitt eige forhold til ein film vil bli. Her kjem også ei årsak til å vere trufast inn.

Om ikkje Half in the Bag fullstendig endrar på konseptet vil eg sannsynlegvis følge med på til den eventuelle slutten til serien.

Half in the Bag 2011-2019 plakat - Filmdagbok