Half-Life 2
Eg spelte aldri det første Half Life-spelet, men fekk tak i Half-Life 2 då det kom ut. Og du verda for eit spel.
Her snakkar me om eit skytespel i førsteperson av første klasse. Eit spel som tek eit stort skritt innanfor fysikken i dataspel i rett retning. Eg hugsar våpen som kunne løfte objekt på avstand og slenge dei gjennom lufta med truverdig fysikk.
I tillegg er bretta her store, enkle å navigere seg framover i, motstanden er utfordrande, men ikkje for vanskeleg. Det meste som eg kunne ønske meg frå eit skytespel er på plass.
Spelet har nok historie til å gjere handlinga relevant også.
