Half Nelson

Film · 2006 · · 4. september 2006
4/5

Half Nelson skildrar livet til barneskulelæraren Dan Dunne (Ryan Gosling) i nedoverbakke. I tillegg følger me ein av elevane hans, Drey (Shareeka Epps). Handlinga går føre seg i ein fattigare bydel i ein ukjent amerikansk by, prega av narkotika og kriminalitet.

Når Dan ikkje er lærar er han narkoman som brukar kokain og andre stoff. Han er også trenar for klassen sitt jentelag i basketball, og etter ein kveldskamp når han trur alle er reist, ordnar han seg ein røyk som mest sannsynleg er heroin i eine båsen på jentedoen. Drey kjem så innom, ettersom faren ikkje stilte opp for å henta hun, og oppdagar Dan.

Half nelson er eit uttrykk frå wrestlingsporten, og er eit gripetak som går ut på at du tar armen din under armen til motstandaren og tar tak bak i nakken på han, og på den måten kunne kontrollere han. Det er ikkje så effektivt som ein full nelson, noko eg reknar som at det går an å komme seg laus frå ein half nelson. Trekk me då parallellar til narkotika er det da opplagt at det er snakk om kontrollen stoffa har på folk, og i dette tilfelle Dan.

Me møter han når han allereie er på køyret, og følger han utover ein periode der stoffmisbruken tar meir og meir over dagane hans. Dette går ut over både arbeid og det av vennskap han har igjen. Me får smakebitar frå hans tidlegare historie i form av korte samtalar med ekskjærasten og eit middagsselskap med familien. Det dukkar opp sjansar der han blir stilt føre viktige val, og spørsmål han ikkje kan svare på.

Eg tykte filmen blei i lengste laget, likevel om eg ser godt at det er ei god skildring av livet til ein narkoman som endå har ein snev av vanleg liv, samt ein jobb, igjen. Det enkle vil vere å slå fast at dette nok ikkje er rette typen film for meg.

IMDb-logo
Half Nelson 2006 plakat - Filmdagbok