Hall Pass

Film · 2011 · · 30. juni 2011
2/5

Owen Wilson og Jason Sudeikis gjer livet til ein fest da konene deira bestemmer for å gi dei kvar sitt hall pass, ei veke som einsleg der alt er lov.

Når dei står der med moglegheitene opne og skal gripe sjansen, vil dei ende opp med å holde seg i taumane resten av tida når dei er på vippen til å ligge med ei eller anna dame. Så er filmen slutt.

Slik ville Hall Pass ha vore viss den var skikkeleg kjip, men det er han ikkje. Han er berre halvkjip. For i staden blir blir dette ein film som handlar om å tøye dei moralske grensene, om uventa utfall og ein del om barnsleg humor. Sistnemnte er det beste med filmen, alt det andre får plass i ein nedbrytbar avfallspose.

For sjølv om Hall Pass prøver hardt å vere kul, så er det tydeleg at han handlar meir om kjærleiken enn å ha det gøy. Eg vil ikkje påstå at det er ein kjedeleg film, men han skil seg ikkje ut i mengda og vil fort bli gløymt.

At Owen Wilson går så godt inn i rolla som faren som heilt har gløymt korleis det er å vere ungdom som han gjer, burde ha vore eit pluss. I staden blir det streite rolla hans meir eit eksempel på den udefinerbare blandinga av ein film dette er. Det er ei god rolle, men for seriøs for filmen rundt han.

Hall Pass er ikkje ein spesielt djup film, og ikkje ein film du set deg for å sjå med et kritisk blikk. Eg mislikte han ikkje. Men det er lov å vere kritisk til kva eg set meg ned med. Det finst så altfor mange andre gode filmar der ute at eg umogleg kan anbefale denne, ikkje eingong som film til å sone ut med kan han anbefalast.

Hall Pass 2011 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Owen Wilson (I)Jason SudeikisJenna Fischer (I)Vis alle

Sjangrar

Land