Halloween 4: The Return of Michael Myers

Film · 1988 · · 23. juli 2009
3/5

Etter den grufulle Halloween III: Season of the Witch blir den fjerde filmen i Halloween-serien eit stort steg i rett retning. Han er ikkje best hittil, men eit hakk under nummer to. Me får det som er å forvente, ein Michael Myers som ikkje er død, og det same kan seiast om Dr. Sam Loomis.

Samanhengen tilbake til film nummer to er tynn, men ikkje spesielt viktig. Oppbygginga som går over første timen er som ei brødskive, noko du tenker lite over at du får i deg. Mens siste del eigentleg gir oss så mykje action me kan forvente, før ein nydeleg og hårreisande slutt rundar av filmen med stil.

IMDb-logo
Halloween 4: The Return of Michael Myers 1988 plakat - Filmdagbok