Halloween III: Season of the Witch

Namnet og eit glimt av Halloween på tv-skjermen er einaste klare koplinga til filmserien eg kunne finne. Elles er dette verken Michael Myers eller Sam Loomis, det er heller ikkje bra. Bildekvaliteten var god, musikken var litt tøff, reint elles luktar dette dårleg.

Det som gjer han mogleg å sjå ferdig er at det er morosamt dårleg, og dei periodane av filmen eg datt fullstendig ut og ikkje fekk med meg noko. All handling er føreseieleg som fy, men det ligg litt underhaldning i den tekniske vinklinga i historia. Samanhengen til tittelen gjekk meg dessutan hus forbi, finst han?

Halloween III: Season of the Witch 1982 plakat - Filmdagbok