Halloween: Resurrection

Film · 2002 · · 21. august 2009
2/5

Siste film i Halloween-serien før Rob Zombie køyrte ein omstart med nyinnspeling i 2007. Halloween: Resurrection er klart den nest dårlegaste av filmane, og lenge eit slit å komme seg gjennom. Han slår likevel ikkje Halloween III: Season of the Witch i å vere dårlegast. Men så skjer det at filmen tar seg ørlite opp den siste halvtimen, og klarar å bli, om ikkje god, så ikkje mykje dårlegare enn den femte og sjette Halloween-filmen.

Filmen spelar på eit dårleg reality-konsept, lik Big Brother som var relativt ferskt og populært på den tida, men det blir meir komisk enn grøss og spenning. Halloween-magien som var til stades i dei dårlegaste filmane, er også borte.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Halloween: Resurrection 2002 plakat - Filmdagbok