Happy Accidents

Eit av mange mindre poeng med denne bloggen er å skrive om filmar som ingen andre vil skrive om. Ein av desse filmane er Happy Accidents.

Happy Accidents er skrive og regissert av The Machinist- og Transsiberian-regissøren Brad Anderson. I hovudrollene har me Marisa Tomei og Vincent D'Onofrio.

Vincent D'Onofrio møter Marisa Tomei og påstår at han er frå framtida. Trass i den sprø bakgrunnshistoria hans blir Marisa Tomei interessert i og forelska i han.

Happy Accidents er ei blanding av romantikk og komedie, med ein god del snakking, deriblant mykje om tidsreise. Dette gir filmen interessante dialogar, men fjernar ikkje det faktum at filmen er litt sløv.

Det som reddar den for lange filmen er Marisa Tomei og Vincent D'Onofrio. Først og fremst er Marisa Tomei truverdig som ei dame med ei trøblete side, men også ei god side. Vincent D'Onofrio er det vanskelegare å få taket på. Det er vanskeleg å vite kor du har han, og det er til tider nesten ubehageleg å ikkje kunne lese han. Men nettopp dette er poenget, og det gjer det bra.

Eg kunne tenke meg meir av filmen. Det har med forventningane å gjere. Gjennom eit meir ope syn på kva han er så ser eg at han er nok. Handlinga er komplett på sin måte.

At eg aldri bli i overkant engasjert eller tar til meg kjenslene i filmen er det som manglar. Det er slikt eg ikkje kan sette fingeren på, men som styrer filmen nedover på lista.

Happy Accidents 2000 plakat - Filmdagbok