Happy Feet

Film · 2006 · · 5. september 2007
3/5

I Happy Feet møter me ei pingvinstamme som har det med å synge, som om det er den mest naturlege tingen i verda. Når Mumble blir fødd kan han absolutt ikkje synge, i tillegg ser han ganske stygg ut samanlikna med dei andre pingvinane. Men han kan danse. Dette blir sett skikkeleg ned på av dei fleste i stamma.

Ved sidan av minkar fiskemengda i havet, og pingvinane står over for eit svoltproblem. Her rettar filmen ein peikefinger mot menneskeleg utnytting av naturressursar, eit ikkje fullt så vellykka forsøk iallfall. Filmen prøver å utgi seg for å vere meir enn den animerte musikalen han eigentleg er, men det blir så altfor enkelt.

Eigentleg var Happy Feet ganske så kjedeleg, det skjer ikkje så mykje nytt. Songene er kjedelege og dansinga til Mumble er alt anna enn imponerande. I blant glimta filmen til med noko fine animerte scener og lun humor, men det forblir iskaldt i resten.

Happy Feet 2006 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Carlos AlazraquiLombardo BoyarJeffrey GarciaVis alle

Sjangrar