Hard Candy

Film · 2005 · · 30. juli 2006
4/5

I oppbygginga er denne filmen veldig enkel, og går rett fram frå første sekund. Det er kort og godt fortalt, og me får ingen tilbakeblikk eller avsporingar på vegen. Filmen gir med sitt fulle fokus på den eine handlinga eit detaljert bilde av kva som skjer, og utelet lite til fantasien. Enkelte bilde får me rett nok ikkje sjå, men det vil nok dei fleste vere einig i at er ein bra ting.

Filmen kviler i hovudsak på skuldrene til dei to hovudrollene Jeff og Hayley, spelt av Patrick Wilson og Ellen Page. Det er mange nærbilde og mellomlange takingar der oppførselen er viktig. Dette er jo også eit thrillerdrama der rollene er i sentrum.

Handlinga baserer seg på at ei rimeleg smart og moden 14 år gammal jente møter ein fyr på internettet, og som ho deretter møter på ekte og blir med heim. Vidare forklaring blir ikkje røpt her, likevel om filmtraileren røper meir enn meg, så er det betre til mindre du veit i forkant.

Om filmen levde opp til vonene mine? Både ja og nei. No hadde eg rett nok ikkje dei spesielle voner etter å ha sett filmtraileren, men tenkte meg meir ein film i retning av eit politidrama, av ein eller annan grunn. Det eg fekk var ei rett fram historie om to enkle sjeler, som ikkje er fullt så enkle likevel. Det er ingen spenningsfilm, og kan i verste fall føre til at du sovnar, noko eg ikkje hadde problem med å unngå. Men ein kamerat av meg snorka på sofaen frå midten av filmen. Eg er fornøgd med filmen, og kan delvis anbefale han. Likar du ideen etter å ha lese handlingsreferatet mitt, så likar du sikkert filmen.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Hard Candy 2005 plakat - Filmdagbok