Harold & Kumar Escape from Guantanamo Bay

Visse forventningar var knytt til denne oppfølgjaren. Kunne radarparet som fekk meg til å sjå Harold & Kumar Go to White Castle tre gonger innfri på nytt? Svaret blir ikkje så enkelt som ja eller nei.

Både faren og gleda ved ein oppfølgjar er at han må gjenskape det essensielle ved førstefilmen og samtidig skape noko nytt. Ikkje alle filmar gjer dette innan stoner-komediesjangeren, som Harold & Kumar med si tiltrekking mot marihuana må seiast å tilhøyre, og dei endar derfor opp rett på video.

I Harold & Kumar Escape from Guantanamo Bay møter me igjen John Cho og Kal Penn som innvandrarar av andre generasjon i USA. Handlinga til filmen byrjar der White Castle slutta og dei har altså planar om å reise over Atlanterhavet til Europa og Amsterdam, som Kumar så godt uttrykker det: It's gonna be exactly like EuroTrip only it's not going to suck! At referansen til EuroTrip i heile tatt blir tatt i bruk lovar ikkje all verda, men heldigvis går ting i ei anna retning, og etter det eine har ført til det andre er Harold & Kumar hamna på Guantanamo Bay og må suge kuken til store Bob for å overleve.

Som tittelen skal ha det til stikk sjølvsagt Harold & Kumar av. Det er i denne delen av filmen reisa frå leilegheita til White Castle i førstefilmen blir prøvd gjenskapt, berre drygare.

Neil Patrick Harris er med igjen og Rob Corddry er den sinnsjuke autoriteten som skal følge dei i hælane og presse eventyret framover. Sjølv om det er morosamt så blir det sikta for høgt med denne filmen. Sjarmen ved at den korte turen til White Castle som gav inntrykk av å vere lang på grunn av mengder marihuana i førstefilmen er borte i den geografiske målstokken historia her går føre seg i. Så kan det vere opp til den enkelte å finne positive sider ved dette, eg har iallfall uttrykt mi meining.

Personleg fann eg mest glede i å kunne oppleve ein splitter ny film med Harold & Kumar i heile tatt, deretter kose meg med den enkle humoren dei tilbydde. Forutan dette er det lite som får plass i minnet, det motsette av gløymeboka. Bortsett frå kanskje den sekvensen med eit bottomless party (som motsvar på topless party).

Men for all del, likte du Harold & Kumar Go to White Castle vil du kunne få nok ut av denne til ikkje å kjede deg.

Harold & Kumar Escape from Guantanamo Bay 2008 plakat - Filmdagbok

Dato

17. juli 2008

Forfattar


Skodespel

John ChoKal PennRob CorddryVis alle

Sjangrar

Land