Harold & Kumar Go to White Castle

Harold & Kumar Go to White Castle har utvikla seg til å bli ein film eg gjerne ser igjen. Stadig like morosam utmerkar marihuanaeventyret til to unge, svoltne amerikanarar seg som ein godbit i sjangeren sin.

Harold & Kumar Go to White Castle har dessutan skjulte og mindre skjulte referansar, samt både B- og C-kjendisar du stiftar kjennskap med mellom gjensyna av filmen, og får auga opp for. Viktige ingrediensar for denne type film.

Ei anna viktig side er at Harold & Kumar Go to White Castle held god balanse mellom realisme og surrealisme. Berre eit par scener blir for mykje av det gode. Men så er det jo ein komedie sterkt påverka av marihuana, så meininga er nok heile tida å utfordre publikum til fordel for humoren. Eg tykte ikkje dei overdreiv så altfor mykje som dei ofte har ein tendens til å gjere i slike filmar på ulike plan.

Harold & Kumar Go to White Castle er alt som Dude Where's My Car? skulle ha vore. Eg tenkte akkurat på det same. Begge er fine komediar. Denne så fin at eg etter å ha sett han før hadde lyst å sjå han igjen.

Akkurat som med American Pie er dette ein slik komedie som eg kan sjå opp igjen fleire gonger, hovudsakleg på grunn av si enkelheit vil eg tru. Potensialet for at denne filmen får ein oppfølgjar ser eg ikkje på som usannsynleg heller. Håpet er at ein oppfølgjar ikkje prøver for hardt å leve opp til denne filmen.

Det er ingen tvil, dette er ein av dei betre stoner-komediane. På mi liste, ein topp 10-kandidat i lag med American Pie, Van Wilder, Dude Where's My Car? og American Pie 2.

Harold & Kumar Go to White Castle 2004 plakat - Filmdagbok