Harry Potter and the Chamber of Secrets

Film · 2002 · · 29. april 2014
3/5

Den andre Harry Potter-filmen kom ut eit år etter den første, og heitte Harry Potter and the Chamber of Secrets. Daniel Radcliffe, Rupert Grint og Emma Watson er tilbake som Harry, Ron og Hermione som byrjar på sitt andre år på Hogwarts School of Witchcraft and Wizardry.

Harry blir av ukjente prøvd hindra å komme tilbake, men trassar dette. I løpet av tida tilbake på Hogwarts skjer det ei rekke uforklarlege ulykker, og Harry høyrer stemmer i veggane.

Lik den første filmen er også denne spennande, og det skjer mykje i kulissene som byggjer opp til eit klimaks seinare i filmen. Eit kammer som nokon hittil ikkje har funne på Hogwarts, kan ha blitt opna, og på innsida finst ein trussel mot alle på Hogwarts som ikkje har 100 % opphav i tidlegare trollmenn og hekser.

Filmen er full av truslar, men serien har enda eit stykke igjen før han vert vaksen og skikkeleg alvorleg. Det er framleis ein del nyoppdagingar for Harry om verda til trolldommen, og dette bidrar til den eventyrlege sida av filmen, som er ei side eg set stor pris på.

Vennskapen mellom Harry, Ron og Hermione har endå ikkje gått spesielt djupt i filmane, utover at det er klart at dei tidleg i Harry Potter and the Sorcerer’s Stone blei gode venner så har ikkje nødvendigvis vennskapen blitt sett på prøve enda. Denne sida av Harry Potter-serien ser eg fram til etter kvart.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Harry Potter and the Chamber of Secrets 2002 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Daniel RadcliffeRupert GrintEmma Watson (II)Vis alle

Sjangrar