Harry Potter and the Deathly Hallows: Part 2

Film · 2011 · · 7. mai 2014
4/5

Åttande og siste film om Harry Potter er den forrykande og spennande andre delen basert på boka Harry Potter and the Deathly Hallows. Første del bygde opp til noko stort, og andre del bygg vidare og leverer klimakset.

Filmen har det meste: Romantikk, komedie og spenning. Glede, sorg, kjærleik og død. Harry (Daniel Radcliffe), Ron (Rupert Grint) og Hermione (Emma Watson) held fram leitinga etter Voldemort (Ralph Fiennes) sine Horcruxes, hans bortgøymte gjenstandar som rommar deler av sjela hans. I mens herjar Voldermot og hans Death Eaters både i den magiske verda og i den menneskelege verda, og dei er alle på jakt etter Harry.

Sjølv om eg har lese bøkene og sett filmane før, fungerer spenningen framleis godt. Filmforteljinga får fram risikoen og spenninga på effektiv måte. Meir enn ein tråd får si avslutting, og det er gjort på tilfredsstillande vis. Harry Potter-filmane har alltid vore artige og blitt fortalt på lett vis, men har ikkje snodd seg unna seriøse vendingar og tragiske utfall. Innslag av død og tap i miljøet rundt dei er blant grepa som er med på å gjere risikoen større for Harry og vennene.

Frå start til slutt i dette gjensynet med alle Harry Potter-filmane har eg likt alle filmane godt. Sannsynlegvis betre enn tidlegare. Som ein filmserie er dette fullkome. Ikkje perfekt, men alt det nødvendige er på plass. Ingen filmar er meiningslause. Ei ny verd blir utforska og fortalt om i mange gode historier undervegs.

Anbefalt.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Harry Potter and the Deathly Hallows: Part 2 2011 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Ralph FiennesMichael GambonAlan Rickman (I)Vis alle

Sjangrar