Harry Potter and the Goblet of Fire (2005)

Film / 1. mai 2014
4/5

Harry Potter and the Goblet of Fire er blant dei beste Harry Potter-filmane, og kanskje den filmen som best balanserer ei historie som står godt åleine i lag med å drive Voldemort-historia framover.

I det me er i gang med det fjerde året til Harry (Daniel Radcliffe), Ron (Rupert Grint) og Hermione (Emma Watson) på Hogwarts School of Witchcraft and Wizardry, skal The Triwizard Tournament bli arrangert. Det er ei magisk turnering mellom dei tre velkjente trolldomsskulane: Hogwarts, Beauxbatons og Durmstrang.

Harry er for ung til å delta, men blir på eit vis lagt fram som deltakarkandidat og blir tatt med. Samtidig er trusselen frå Voldemort og hans veksande skare av Death Eaters aukande, men mange nektar framleis for at det kan vere sant.

Hovudhistoria i filmen er spennande og eventyrleg, samtidig som Harry møter motstand i alle ledd. Og det er for alvor i denne filmen at karakterane er gamle nok til at kjenslene deira byrjar å spele ei rolle. Den ekstra dimensjonen er blant årsakene til at eg set meir pris på denne og nokon av dei seinare filmane enn dei første. Resten av alvoret og det mørke uttrykket filmane har fungerer utelukkande på grunn av risikoen dei nærare banda mellom karakterane fører med seg. Ron og Hermione sitt fram og tilbake er god underhaldning, og startar for alvor i denne filmen.

Det er mykje som kan bli sagt om handlinga i Harry Potter-filmane, detaljert og rik som handlinga er. Og nettopp det at dei fungerer i ein heilskap også på film, og ikkje berre i bøkene, gjer at havet av karakterar og detaljar bidrar til ei nærast komplett oppleving på over to timar. Og ikkje minst at eit gjensyn er verdt tida like mykje, om ikkje meir når filmane blir sett i samanheng.

Harry Potter and the Goblet of Fire 2005 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

Wizarding World, Harry Potter

Regi

Mike Newell

Manus

Steve Kloves, J.K. Rowling

Skodespelarar

Eric Sykes, Timothy Spall, David Tennant, Daniel Radcliffe, Emma Watson (II), Rupert Grint, Mark Williams (I), James Phelps, Oliver Phelps, Bonnie Wright

Sjangrar

Eventyr, Familie, Fantasi, Mysterium

Land

Storbritannia, USA

IMDb

IMDb-side om Harry Potter and the Goblet of Fire

Forfattar