Harry Potter and the Half-Blood Prince

Den sjette filmen i Harry Potter-filmserien handlar om det neste siste året til Harry (Daniel Radcliffe) på Hogwarts School for Witchcraft and Wizardry. Me er komme dit hen i den samanhengande historia om den gradvise veksande styrka til den vonde trollmannen Voldemort, og om han som ein aukande trussel, at han og hans følgarar er nære ved å bli ein fysisk trussel.

Den sentrale historia i filmen er ein om den nye potions-læraren på Hogwarts, Horace Slughorn (Jim Broadbent), og korleis han passar inn i Dumbledore (Michael Gambon) og Harry sin plan om å stoppe Voldemort (Ralph Fiennes). Og om kva som skjer når Harry finn ei lærebok om potions med notat som gjer han til den beste i klassen.

I all hovudsak handlar filmen mest om det som skjer rundt og på Hogwarts. Faren som truar frå utsida er ikkje fullt så påtrengande endå, men er med på å skape ei spenning. Harry Potter and the Half-Blood Prince er god på humor og drama, i tillegg til denne spenninga. For samtidig som filmen på flott vis byggjer opp til avsluttinga, skil han seg ut med nok av eiga handling utanom dette.

Visninga av Harry Potter and the Half-Blood Prince har vore i samanheng med at eg har sett dei andre filmane. Å ha sett mange av desse på kort tid gjer det vrient å dømme handlinga til filmen som ein film som står på eigne bein. Men det har sin fordel i at det er lettare å knyte seg emosjonelt til karakterane og deira skjebne. Og i form av å levere på dette, spenning og god handling er filmen lett blant den beste halvparten av Harry Potter-filmane.

Harry Potter and the Half-Blood Prince 2009 plakat - Filmdagbok

Dato

5. mai 2014

Forfattar


Skodespel

Daniel RadcliffeMichael GambonDave Legeno (I)Vis alle

Sjangrar