Harry Potter and the Sorcerer's Stone

Film / 2001
3/5

Harry Potter and the Sorcerer's Stone er den første av åtte Harry Potter-filmar, basert på bokserien til J.K. Rowling. Om den 11 år gamle guten Harry, som har det forferdeleg der han bur i lag med ei tante, ein onkel og ein fæl fetter.

I denne første filmen tilhøyrande Wizarding World-universet og Harry Potter-filmane, som kom ut over ein periode på ti år, blir me med Harry då han startar på Hogwarts School for Witchcraft and Wizardry. Han lærer at han har magiske evner, får nye venner, og møter for første gang trusselen som er Voldemort – ein mektig og vond trollmann som tidlegare prøvde å ta over med sin vonde trolldom.

Historia i Harry Potter and the Sorcerer's Stone handlar om så mangt, frå introduksjon til Harry sitt møte med ballsporten quidditch. Mysteriet rundt ein magisk stein er alltid eit underliggande element, den raude tråden i filmen, og ramma for det alvorlege høgdepunktet som må komme.

Filmen er spennande og rik på innhald og detaljar, men samtidig lett å følge med på. To og ein halv time går i grunn fort. I lys av at dette var eit gjensyn med filmen, så har han kanskje heva seg eit hakk. Ettersom eg ikkje ser ut til å bry meg om at verken animasjon eller enkelte masker er litt enkle lenger.

Det er filmen som eit eventyrleg innblikk i ei oppdikta verd eg set mest pris på. I lag med at filmen har ein god flyt, ein fin tone og humor, og fargerike karakterar. Det er også lett å sympatisere med heltane i filmen, som gjer dramatikken dugeleg.

Harry Potter and the Sorcerer's Stone 2001 plakat - Filmdagbok

Publisert

28. april 2014 av

Merkelappar

Wizarding World, Harry Potter

Regi

Chris Columbus

Manus

J.K. Rowling, Steve Kloves

Skodespelarar

Richard Harris, Maggie Smith (I), Robbie Coltrane, Saunders Triplets, Daniel Radcliffe, Fiona Shaw, Harry Melling, Richard Griffiths, Derek Deadman, Ian Hart

Sjangrar

Eventyr, Familie, Fantasi

Land

Storbritannia, USA

IMDb

IMDb-side om Harry Potter and the Sorcerer's Stone