Harvest Moon

Film · 2015 · · 16. november 2016
3/5

Harvest Moon er en Hallmark-film, og Hallmark-filmar er føreseielege og tydelege i kommunikasjonen sin. Er det ein mann og ei kvinne på plakaten til filmen, endar dei som regel opp i lag til slutt.

Filmen handlar om ei bortskjemt storbykvinne og ein bonde, noko som kleda på plakaten tyder på. Då økonomien til kvinna over natta blir dårleg, sit ho berre igjen med eigarskapet til ein bondegard. Ho drar så dit med planar om å selje garden.

Kva som vidare utfoldar seg er ein kombinasjon av formidling av familieverdiar og romantikk. Enkelt sagt om menneskelege relasjonar sett i motsetning til materielle verdiar. Det er mykje rart som blir sagt både direkte og indirekte i denne filmen om dette. Men sidan språket til Hallmark-filmane gjerne er eit enkelt eit, så blir ikkje den einsretta og diskutable verdiformidlinga opplevd som skjult. Dette gjer det lite krevjande å stenge ute det eg ikkje likar, og heller sette pris på dei gode sidene ved filmen.

Dei gode sidene kan bli oppsummert som dei lykkelege. Eg likar filmar som trekk fram det gode ved å leve godt, ein kombinasjon av sjølvtillit og materielle godar. I Harvest Moon er det menneske som tar tak i sine eigne liv, og blir lønna for å ha tatt denne styringa.

Harvest Moon 2015 plakat - Filmdagbok