Harvey

Film · 1950 · · 7. november 2006
3/5

Det høyres kanskje rart ut, men eg tykkjer ofte det blir slitsamt med komediar frå denne tidsepoken. Grunnen til dette er dei komiske situasjonane som oppstår ofte har sitt opphav i at dei som er med ikkje får fullført setningane sine.

Det betyr ikkje at eg mislikar alle filmane, og Harvey er ein av dei som eg tykkjer er meir enn akseptabel. Det som gjer dette for meg er snev av fantasi og ein veldig god rolleprestasjon av James Stewart. Det er nesten imponerande å sjå korleis karakteren Elwood P. Dowd får alle rundt seg til å føle seg lagt merke til og inkludert.

Harvey 1950 plakat - Filmdagbok