Hateship Loveship

Film · 2013 · · 22. april 2014
3/5

Hateship Loveship er eit drama om ei litt tilbaketrekt, men i grunn open og intelligent kvinne som ikkje har hatt for mykje kontakt med folk i vaksen alder. Johanna (Kristen Wiig) har vore pleierske og hushjelp for ei gammal kvinne sidan ho var 15 år til ho har blitt nærare 40 år. I filmen må ho tilpasse seg ein ny jobb i ein ny heim, og ho blir forelska for det som godt mogleg er første gang.

Filmen er ein smått typisk sak om ein litt naiv og rar person, og dei problema mangelen på sosial erfaring fører med seg. Det fungerer godt, ikkje minst takka vera at hovudrolla også har ei drivkraft i å gjere omgivnadene sine betre. Pluss at dei andre karakterane i filmen både er interessante, bidrar til dramatikk og er akkurat passe sympatiske.

Guy Pearce som Ken er i større grad enn Kristen Wiig som Johanna ein truverdig karakter, og tilfører også filmen eit nødvendig spenningselement i den elles rolege framdrifta i det Johanna blir interessert i han.

Ei sidehistorie om dottera til Ken, tenåringen Sabitha (Hailee Steinfeld) som Johanna blir hyra til å ta vare på, og hennar venninne blir det berre skrapa i overflata på. Eg stiller spørsmål til poenget med slutten her, men lar det gå da det denne delen av filmen spela ei viktig rolle innleiingsvis.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Hateship Loveship 2013 plakat - Filmdagbok