Head Over Heels

Film · 2001 · · 8. november 2016
3/5

Ei ung, pen kvinne trenger et stad og bu, og flyttar inn med fire modellar. Som strengt tatt ikkje er så pene som henne, men tilsynelatande skal vere meir overflatisk penare.

Tvers over gata bur ein kjekk mann, som vår kvinnelege hovudrolle blir tiltrekt av. Men hennar dårlege erfaringar med menn gjer at ho ikkje vil bli nærare kjent med han når sjansane byr seg.

Head Over Heels er ein gjennomsnittleg romantisk komedie kor lyspunktet er Monica Potter i hovudrolla. Sjølve historia er grei skuring, med akkurat passe mengder komedie til å holde det gåande, men ikkje noko ekstra lurt eller djupt til å utmerke seg. Strengt tatt er dette ein film full av klisjear, men han lar seg ikkje stoppe av eventuell sjølvkritikk.

På eit par stader rører filmen noko, fordi kjemien mellom Monica Potter og Freddie Prinze Jr. fungerer der han skal.

Mot slutten gjer filmen ein vri mot det meir tåpelege. Ei retning filmen alltid gjekk litt mot, men eit behov for å gjere klimakset til meir enn ei romantisk hending, dreier handlinga mot kriminelle element. Unødvendig, og ikkje spesielt morosamt.

Med tvilen til gode rangerer eg filmen midt på treet.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Head Over Heels 2001 plakat - Filmdagbok