Heart of the Country

Film · 2013 · · 17. november 2015
3/5

Heart of the Country er eit litt ufokusert sørstatsdrama med countryartist og One Tree Hill-alumn Jana Kramer. Det er ein film som prøver seg på å vere eit rørande og emosjonelt familiedrama, men ikkje når helt fram.

Ei kvinne reiser heim til South Carolina etter mange år vekke frå sin gjenverande familie. Familien hennar er faren og ei søster. Mannen hennar har trøbbel i New York, og ho treng eit avbrekk frå han. På heimbesøket får ho tid til å samle tankane og roe seg ned.

Det at filmen er ufokusert betyr at me får servert mange små inntrykk eller sidestykke som ikkje fører til noko. Blant det mest framståande er møtet til kvinna med ein kjenning frå barndomen, ein mann som typisk nok ville ha blitt eit sentralt stykke i det romantiske innspelet til filmen. Men som ikkje fører til ein ettertanke ein gong.

Det er heller ikkje den store motstanden i andre episodar som skjer. Som om filmen forhastar seg med å skulle ha på plass alle dei rette delene, men ikkje tar for seg å gjere dei gode for effekt.

Eit par gode stunder har filmen rett nok, og bortkasta tid vil eg ikkje kalle det. Dessutan gjer Gerald McRaney ein god jobb, og Jana Kramer både ser ut og syng bra. Små gleder.

IMDb-logo
Heart of the Country 2013 plakat - Filmdagbok