Hedwig and the Angry Inch

Me følger transseksuelle Hedwig (John Cameron Mitchell) på turne i hælane på rockystjerna Tommy Gnosis (Michael Pitt) gjennom USA. Den opphavlege tyske guten Hansel har ein ting for blonde parykkar og har saksøkt Gnosis for å stela songane hans, i forsøk på å skaffe bevis for eit tidlegare kjennskap mellom Hedwig og Gnosis har advokaten til Hedwig oppfordra til denne påhengsturneen, der Gnosis stikk av med all ære på større stadion og Hedwig and the Angry Inch pent må ta til takke med kaféframsyningar.

John Cameron Mitchell står både for manus og regi, mens Stephen Trask står for songtekstane. Mykje av filmen sin energi ligg i songane og den gode framstillinga av hovudrolla Hedwig. Temaet snurrar rundt transseksualitet i samband med oppveksten til Hansel og det å bli Hedwig når han flytter frå Aust-Berlin til USA. Det er behandla på lettare humoristisk vis, men er i full eige av ein skarp tone og har sine alvorlege poeng. Fortalt med tilbakeblikk som han er blir dei fleste songane sunge i no-tid. Tilbakeblikka er aldri for lange, men heller korte og presise til å fortelja om ting som har vore med å gjere Hansel til Hedwig.

Noko av det beste med heile filmen er songane. Dei er fengjande og innhaldsrike, morosame utan å vere banale. Hedwig and the Angry Inch er ingen musikalsk parodi, sjølv om framstillingane av den androgyne rockaren til ei viss grad kan bli gjenkjent i faktisk rockestjerner. Samtidig er det rått å sjå kor mykje John Cameron Mitchell bidrar på lerretet som Hedwig gjennom heile filmen. Denne altfor sminka personen er så mykje meir enn berre pudder og parykk, og John Cameron Mitchell held følge med karakterutviklinga gjennom filmen. Morosamt er det og å sjå Michael Pitt. Han har det med å velja stadig tvilsame roller på fabelaktig vis.

Ei anbefaling frå denne kanten.

Hedwig and the Angry Inch 2001 plakat - Filmdagbok