Heisei tanuki gassen ponpoko

Film · 1994 · · 5. februar 2008
3/5

I Japan finst det eit vaskebjørnliknande dyr som heiter tanuki og som kan transformere seg og ikkje minst dei gigantiske testiklane sine. Det ser ganske sjukt ut og omgrepet barnefilm fell litt bort.

Studio Ghibli har vel sjeldan vore påstått å lage reine barnefilmar, men ta Tonari no Totoro eller Neko no ongaeshi.

Heisei tanuki gassen ponpoko handlar om ein slags vaskebjørnar som må kjempe mot dei stadige utbyggingane til Mr. Japan. Skogane forsvinn og dei må bruke kreftene sine til å stoppe dette. Kampen er ganske håplaus frå første stund. Kan dette gå bra? To timar seinare med gjespen i kjeften og hovudet mellom hendene var svaret klart for min del, sjølv om eg skulle ønske det tok ein time kortare.

Vel har Studio Ghibli laga flott animasjon her, med sjuke transformasjonar og valdelege vaskebjørnar, men lengda og tempoet i lag med vaskebjørnane som karakterar fungerte rett og slett ikkje bra nok for meg.

Heisei tanuki gassen ponpoko 1994 plakat - Filmdagbok