Hellboy Animated: Blood and Iron

Film · 2007 · · 5. september 2016
2/5

Hellboy Animated var ei kortvarig satsing på animerte Hellboy-filmar. Det kom ut to filmar rett på video i perioden mellom Hellboy og Hellboy II: The Golden Army. Begge basert på teikneseriehistorier.

Eg var ikkje spesielt begeistra for Hellboy Animated: Sword of Storms då eg såg han tidlegare, men gav likevel Hellboy Animated: Blood and Iron ein sjanse. Forventingane var altså låge, og filmen innfridde heller ikkje.

Det er i og for seg ei heilt grei historie som blir fortalt, men eg blir aldri interessert nok i karakterane til at eg investerer all merksemd undervegs. Historia handlar om ein underjordisk gud som tar form som ein vampyr, som igjen heimsøker eit hus. Hellboy og hans støtteapparat drar dit for å etterforske saka.

Historia er i grunn midt på treet. Men då eg ikkje lar meg engasjere av karakterane, forsvinn eventuell spenning i dei mange kampscenene i filmen. Dette er trass i alt ein animert actionfilm, og mykje handlar om å vise skapningar som slåst.

Eg er nok ein kritikar av mykje animasjonsfilm, men veit at mykje bra også blir laga. Blant anna likar eg mange av filmane til DC Universe Animated Original Movies. Noko anbefaling av Hellboy Animated til kven det enn skulle vere har eg derimot ikkje, ikkje med atterhald heller.

Hellboy Animated: Blood and Iron 2007 plakat - Filmdagbok