Hellboy Animated: Sword of Storms

Film · 2006 · · 29. mars 2007
2/5

Mellom Guillermo del Toro sine Hellboy-filmar har det blitt laga to animerte tv-filmar om den raude teikneseriefiguren. Hellboy Animated: Sword of Storms er den første av dei, og kom i fjor.

Teiknefilmanimasjonen har fått stemmene til skodespelarane som tolka dei viktigaste karakterane i Guillermo del Toro sin 2004-film. Altså Ron Perlman som Hellboy og Selma Blair som Liz. Sjølv om stemmene er på plass og filmen har meir enn nok av action, er det noko som manglar.

Det er ingenting her som gjer dette til ei unik filmoppleving, heile tida har eg inntrykk av at eg ser på Cartoon Network eller liknande, med tamme og føreseielege slåstsekvensar på rekke og rad. Som relativt liten fan av dei moderne animasjonane på kanalen hadde samanlikninga uansett ikkje vore noko kompliment.

Animasjonsteknikken her ser enkel ut, utan at det er ei direkte årsak til at eg kjedar meg. Mange av teikningane skal faktisk seiast å vere fine, spesielt dei frå den forhistoriske Japan-delen av filmen. For i Hellboy Animated: Sword of Storms må nemleg Hellboy hamle opp med demonane for lyn og tore i den japanske kroken av verda.

Hellboy Animated: Sword of Storms 2006 plakat - Filmdagbok