Hello Ladies: The Movie

Film · 2014 · · 21. februar 2015
3/5

HBO-serien Hello Ladies fekk sin oppfølgjar og si avslutting i form av tv-filmen Hello Ladies: The Movie. Der eg var noko tilbakehalden på kva eg synst om Hello Ladies, fordi serien brukte si tid på å gjere seg varm, så set eg meir pris på filmen. Her skjer det meir, det er mindre flautt, og det er nok litt meir romantikk som strammar historia mot eit mål.

Stephen Merchant er skaparen til og frontfigur i serien. Han set sit britiske preg på framstillinga av ein ikkje akkurat A-lista person i Hollywood. Som i serien så drøymer han om å få innpass i dei meir eksklusive krinsane, og prøver å framstå som kulare og annleis enn han er. I motsetning til serien rekk denne filmen i si avslutting å ta opp denne sida ved personlegdommen hans. Og det er ein av tinga som gjer filmen verdt å sjå.

Det er vanskeleg å sei kva dette er utan serien i bakhand, og alt eg har formulert hittil er skrive basert på mitt totale inntrykk. På den måten er mitt forhold til filmen som om han var ein ekstra lang sesongfinale, og til det er det ein god episode.

IMDb-logo
Hello Ladies: The Movie 2014 plakat - Filmdagbok