Hello Ladies

Serie · 2013 · · 3. juli 2015
3/5

Stuart (Stephen Merchant) er ein høg, tynn og litt rar fyr som ikkje har den store lykka med damene. Han er britisk og bur i Los Angeles, og leiger ut uthuset sitt til Jessica (Christine Woods).

I løpet av serien prøver han å bli populær og likt på nesten litt for stor rekning. Jessica prøver å slå gjennom som skodespelar, og har ikkje hell i sine forhold heller, men ho har i det minste forhold.

Det er ein litt daff serie, som tar si tid på å komme inn i varmen, men som er blitt kjekk å følge når han rundar av etter sin einaste sesong. Serien fekk ein oppfølgjar i form av ein film, som nøysta opp i lause trådar, fungerer godt som film, og som framhald på serien.

Hello Ladies er god på ei form for komedie som eg likar lite: Flaue situasjonar og gjerne folk utan sosiale antenner. For meg var dette eit hinder å komme forbi før eg kunne sette pris på dei andre lune kvalitetane til serien, men det er greit å nemna at serien aldri tar av heller.

Hello Ladies 2013 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Stephen MerchantChristine Woods (IV)Nate TorrenceVis alle

Sjanger

Land