Helvetica

Film · 2007 · · 3. desember 2009
3/5

Ein dokumentar om ein skrifttype. Så mykje brukt og populær har skrifttypen Helvetica blitt sidan han kom i 1957, at det har blitt et fenomen verdt å dokumentere. Det meiner iallfall Gary Hustwit.

Helvetica handlar også om anna typografi, grafisk design og andre visuelle saker. Og er ikkje ein så snever film som han gir ut for å vere. Det er stort sett ei subjektiv greie, med personar som snakkar om sitt forhold til saker og ting. Og eksempel på alle stadene Helvetica etter kvart har blitt brukt, som den enkle, stilige og lesevennlege skrifttypen han er.

Eg kan ikkje påstå at dette er ei stor filmoppleving, men det er grei tidtrøyte om du har litt interesse for desse sakene, berre ikkje nok til å lese om det, så du heller vil sjå ein film.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Helvetica 2007 plakat - Filmdagbok