Her

Film · 2013 · · 27. april 2014
4/5

Her er ein film som er så mykje, at eg enkelt nok går inn for å skrive litt oppdelt om kva eg legg i han. Den er nær å vere ei stor filmoppleving for meg. Men eg tykkjer ikkje alt klikkar heilt.

Joaquin Phoenix er ein skodespelar med ei vanvittig evne til å gå inn i rollene sine. Eg har sett middelmåtige filmar som blir gode utelukkande på hans bidrag. Her er ein god film i utgangspunktet, som blir tatt til nye høgder på grunn av Joaquin Phoenix.

Handlinga i Her dreier seg om ein einsam mann, som har det dårleg og har blitt inneslutta etter ei skilsmisse. Då eit nytt produkt som er eit intelligent operativsystem dukkar opp, går han til innkjøp av det. Sjå for deg systemet som til stades både på mobil, datamaskin og andre maskiner. Eit system som lærer og utviklar seg og blir til eit menneske utan kropp.

Karakteren til Joaquin Phoenix blir dratt gradvis ut av melankolien og han bli forelska i systemet sitt. Og ho, om du kan kalle den kunstige kvinnelege stemma for ho, blir forelska i han.

Dette er ein interessant måte å skape eit bilde av forholdet menneske har til teknologi på. Ikkje at det nødvendigvis treng vere bokstavleg som i filmen her. Eller eit problem, det kan også vere eit hjelpemiddel. Det som kjem fram i Her er at hovudrolla til sjuande og sist er seg sjølv, og må ta eit oppgjer med seg sjølv, om noko skal endre seg. Eit anna interessant aspekt er korleis han skjuler seg bak sin teknologiske mur då eit menneskeleg forhold kan oppstå.

Ein ting eg ikkje har komme inn på er at dette også er ein interessant science fiction og til tider ein fantastisk komedie. Dette er to deler av filmen eg ikkje har så mykje å seie om, men som var svært utslagsgivande i mi totale positive oppleving.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Her 2013 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Joaquin PhoenixLynn Adrianna FreedmanLisa Renee PittsVis alle

Land