Heroes

Serie / 2006–2010
3/5

Den kanskje sterkaste nykommaren på tv hausten 2006 var Heroes, og serien av første sesong med stil. Det blei sagt om Heroes at serien ikkje akta å gå i den såkalla Lost-fella. Med dette meinte dei at han ville unngå å spørsmål utan svar og andre opne trådar.

For å unngå fella bestemte skaparane bak Heroes seg for å gi første sesong ei skikkeleg avslutting og svare på om New York verkeleg ville gå i lufta. Og om framtida her var bestemt på førehand. Er det noko det er mangel på i mange seriar så er det slike avsluttingar.

Heroes blei lett fornya i 2007, takk og lov tenkte eg den gongen.

Det aller viktigaste ved serien var menneska med overnaturlege eigenskapar. All mi merksemd til den gode avsluttinga i ettertid fekk meg til å tenke at eg likte resten godt. Serien heldt høgt tempo, og hadde berre eit par svake stunder innimellom. Måten Heroes imiterte teikneseriar i både stil, karakterar og oppbygging gjorde også sitt til at eg likte han.

Andre sesong snudde om på alt. For å starte med slutten, så visste eg aldri heilt om andre sesong var ferdig når han var. Heroes opererte med volum, slik som mange teikneseriar. Volum 2 runda av med ein flott slutt, men sesongen elles var veldig dårleg. Berre dei fire siste episodane kan seiast å vere gode. Det var midt på året, og på grunn av ein manusforfattarstreik var det usikkerheit rundt volum 3.

Men tilbake til volum 2. Det var mykje rot og lite utvikling. Heroes vart ei traudig farse og eg gav nesten opp. Serien mista given når det ikkje var ein trussel om ein stor eksplosjon som i volum 1. Men det var ikkje dette åleine. Det er vanskeleg å formidle akkurat kva historia i volum 2 var. Det var først på slutten med snakk om eit virus og når handlinga dreia seg om dette at det vart spenning. Heroes sine ulike karakterane vingla også ekstra mykje etter kvart og serien blei ei prøve for tolmodet.

Eg hadde likevel trua på serien etter avsluttinga og heldt fram.

Eit poeng eg gjerne trekk fram når det gjeld seriar, er kor lang tid eg har brukt på å fullføre han. Dette viser prioriteringa mi av ein serie, og då ofte om eg tykte at serien har vore god. Heroes tok meg åtte år å fullføre. Serien består av fire sesongar, der første sesong var den beste.

Då eg starta med Heroes i 2006 blei eg fort hekta, og tykte at første sesong var spennande og gav inntrykk av å føre historia mot eit mål. Men utover i andre sesong mista eg dette inntrykket, og tykte at serien blei langdryg og både karakterar og handling blei spreidd tynt utover episodane.

Det tok meg fleire år å plukke opp igjen serien. Men siste tida har eg fått sett dei to siste sesongane. Og under ein tvinga periode, påført av meg sjølv, så har serien tatt seg opp til eit godkjent nivå.

At serien er delt inn i volum, der kvar har sin start og slutt, med glidande overgang til neste for ei ny historie. Dette var noko eg ikkje fekk skikkeleg ut av serien når eg så ein og ein episode. Men når eg i seinare tid har sett to sesongar fortløpande fekk eg meir utbytte av dette. Denne planen bak oppbygginga har gjort den smått tynne serien overkommeleg. Og kanskje også bra til tider – ord eg aldri hadde trudd eg skulle ytre om Heroes etter den skuffande andre sesongen.

Heroes er på mange måtar teikneserie på tv, pluss eit meir typisk tv-drama på toppen. Det fungerer i blant, men totalt sett er det ein serie å gløyme. Både historie, enkeltepisodar og det visuelle er midt på treet.

Heroes 2006-2010 plakat - Filmdagbok

Publisert

8. august 2014 av

Skapar

Tim Kring

Skodespelarar

Jack Coleman, Hayden Panettiere, Milo Ventimiglia, Masi Oka, Sendhil Ramamurthy, Greg Grunberg, James Kyson, Adrian Pasdar, Zachary Quinto, Ali LarterVis alle 615 skodespelarar

Sjangrar

Drama, Fantasi, Science fiction, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Heroes