He's Just Not That Into You

Film · 2009 · · 24. desember 2010
3/5

Denne filmen handlar om ei gruppe med kvinner som har rotete kjærleiksliv.

He's Just Not That Into You er ikkje den gjennomsnittlege romantiske komedie som eg trudde at han skulle vere. Eg er imponert over alle dei kjente skodespelarane som er med i filmen. Til og med Jennifer Connelly er i filmen. Eg er imponert av overgangen hennar frå seriøse rollar og over til romantiske komediar.

Sidan dette ikkje er den gjennomsnittlege romantiske komedien, så har han ikkje glansbildepreget over seg. Karakterane og det som skjer med dei verkar ekte, slik som det ein ekte person kunne ha opplevd. Det skjer både glade og triste hendingar, ulikt den typiske romantiske komedien. Dette hjelper meg som sjåar å skape ei kopling til karakterane, sidan eg får tak i kjenslene deira.

Det er nokon nedturar. Historia er komplisert, sidan me skal følge kjærleikslivet til ni eller ti personar. I tillegg blir eg litt skuffa, sidan eg hadde forventa det vanlege søte som ein romantisk komedie ofte byr på. Mens eg tenker at det som best skildrar He's Just Not That Into You er å kalle han eit drama.

IMDb-logo
He's Just Not That Into You 2009 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Morgan LilyTrenton RogersMichelle CarmichaelVis alle

Sjangrar

Land