Hidden Palms

Serie / 2007–2007
2/5

Kurant sommar-tv med fin blanding av mystikk, varmt klima og menneske som ser perfekt ut, men alle har tunge problem og lyg som pokker.

Det som er heilt greitt i starten blir etter kvart for lite til å ro i land den samlande tanken til serien. Det endar opp med å bli ein leik fram og tilbake, der skaparane av serien stadig må overtyda sjåaren om at grunnen til at folk endrar meining, og at dette skal vere truverdig.

Serien får ikkje spesielt god hjelp av rollebesetninga, ei gruppe unge som tidlegare har fått skjermtid i gjesteroller i både The O.C. og Veronica Mars. Springbrett til ei større karriere i enkelte tilfelle, ikkje alltid til ein betre.

Men så er då Hidden Palms ein kort serie med berre åtte episodar, og når The CW gjorde han unna på seks veker så går det akkurat an å vere så tålmodig at det er mogleg å fullføre. Verdt å sjå? Eigentleg ikkje.

Hidden Palms 2007-2007 plakat - Filmdagbok

Publisert

6. juli 2007 av

Merkelapp

The CW

Skapar

Kevin Williamson

Skodespelarar

Michael Cassidy (VI), Taylor Handley, Amber Heard, Sharon Lawrence, D.W. Moffett, Gail O'Grady, Ellary Porterfield, Tessa Thompson, Nic Limatola, Valerie Cruz

Sjangrar

Drama, Mysterium

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Hidden Palms