Hide and Seek

Film · 2005 · · 30. april 2005
3/5

At denne filmen har fått så svake vurderingar på IMDb kan eg ikkje forstå. Samanlikna med White Noise som eg såg for to veker siden, så er han faktisk litt guffen. Men eg skulle likt å sett meir av karakteren Charlie.

Kanskje grunnen til dei dårlege vurderingane er at historia brukte ei stund på å bygge seg opp, og at Robert De Niro eigentleg ikkje imponerer særleg. Grunnen til at eg likte denne er at han skil seg frå vanlege Hollywood-filmar med oppbygginga. Eg visste ikkje heilt kor eg kunne forvente meg at ting ville skje.

Dakota Fanning, den unge jenta, er flink til å vere så ung. Og ho viser ingen teikn til å vere kunstig eller flink etter boka, som nokon unge skodespelarar er. Nokon er for vaksne i spelestilen, og det er irriterande. Barn er barn. Og Dakota Fanning klarar å spele barnet ho er.

Hide and Seek 2005 plakat - Filmdagbok