Hiding Out

Film · 1987 · · 19. februar 2015
2/5

I Hiding OutJon Cryer fjerne eit lite truverdig fullskjegg og gå under dekke på high school, for å unngå å bli drepen av ein gangster.

Til vanleg er Andrew Morenski (Jon Cryer) aksjemeklar på Wall Street, men som vitne i ei rettssak må han rømme New York. Han hamnar i ein liten by der fetteren og tanta bur. Hans dekke blir som Max Hauser, ein ny elev på skulen som får umiddelbar popularitet. Fetteren blir hans beste venn, men ingen andre veit kven han er.

Litt action og krim innleiingsvis blir fort erstatta med meir typisk high school-komedie og drama. Sett litt på spissen på grunn av dei nesten 30 leveåra til Morenski. Hans alter ego Max framstår tidvis som ein vaksen og tøff ungdom, og har litt av den ville Ferris Bueller-karakteren frå Ferris Bueller's Day Off i seg. Men det bleiknar til samanlikning.

Akilleshælen til filmen er at han er for platt og kjedeleg. Sjølv om livet Morenski står på spel, så verkar det som at for lite i filmen står på spel. Det er ingenting som utmerker seg som særeigen og set Hiding Out på kartet, bortsett frå skjegget til Jon Cryer.

Hiding Out 1987 plakat - Filmdagbok